Det er tøffe prioriteringar

Av: Matz Ulstad (AP)
Matz Ulstad (Foto: Malvik kommune)

Innlegg av Matz Ulstad (AP): Partiet Raudt utfordrar meg om tøffe prioriteringar i eit lesarinnlegg på Malviknytt.no. Dei skriv innlegget på nynorsk, så da svarar eg sjølvsagt på nynorsk. 

Yo, Raudt! Ingen har sagt det skal vere lett å ta vanskelege val, men det er jaggu lett å seie ja til alle gode forslag – nor ein ikkje må ta økonomisk ansvar for det ein foreslår.

Det forpliktar å vere eit ansvarleg styringsparti. Det betyr at ein nokre gonger må stå i stormen. Arbeiderpartiet i Malvik har stått rakrygga i denne stormen i fleire år. Vi har gjort alt vi kan for å utvikle tjenestene til våre innbyggjarar. 

Og som innbyggjar og politikar i Malvik veit eg at vi har tatt store skritt. – Malvik har blitt ein betre kommune å bu i. Vi har fått ny skule på Vikhammer, ny skule og idrettshall på Sveberg, nytt helsetun på Vikhammer, nytt helsetun i Hommelvik, ny barnehage i Hommelvik, ny barnehage på Sveberg, nytt kulturhus for heile Malvik og sist, men ikkje minst ny ungdomsskule i Hommelvik. 

I tillegg til dette er økonomien til kommunen vår no solid. Trygg styring av Malvik har gitt kommunen pengar på bok. Dette gjer at vi kan halde fram med utviklinga. – No er planen ny Vikhammer ungdomsskule, ny storhall i Hommelvik og ny barnehage på Vikhammer.

Vi har gjort Malvik til ein betre kommune å bu i, ved å ta dei tøffe prioriteringane. Vi har stått i stormen, og er førebudd på å halde fram med det. 

Matz Ulstad 

Arbeiderpartiet