Hent dei hit!

Av: Raudt Malvik
Foto: Alexas Fotos fra Pixabay

Innlegg fra Raudt Malvik: Raudt har lenge kravd at Norge avlastar Hellas gjennom direkteavtalar om å hente ut flyktningar frå Moria-leiren på Lesvos. Det har hasta lenge, og etter storbrannen i leiren natt til 9. september er situasjonen meir prekær enn ein kan tenkje seg. Noreg har no påtatt seg å hente 50 asylsøkarar hit mens dei ventar på å få handsama sine søknadar.  “At et rikt land som Norge da bare skal ta ansvar for femti er usolidarisk og umenneskelig”, sa Raudt-leiar Bjørnar Moxnes til ABC Nyheiter 9.september. 

Raudt, MDG og SV er sterkt kritiske til at regjeringa i dag berre opnar for å hente 50 av dei om lag 13 000 som ikkje ein gong har ein overfylt flyktningleir å bu i lenger. Malvik MDG seier at trønderske kommunar aleine kan ta 50, og ordførar Hoseth at Malvik kan ta 7, og fleire store kommunar har sagt dei kan ta 50 kvar.   

Sjølv om dette er altfor lite, er det ein start. Så la oss no berre starte.  Raudt Bergen foreslo allereie den 30. mars å bruke dei parkerte flya til SAS og Norwegian til å evakuere Moria. Korona-krisa har råka oss hardt, men Sør-Europa hardare, men la oss ta i bruk flya som står parkert i opplag på Værnes til å evakuere barn og sjuke fra Moria! Ikkje alle fly treng å stå stille, når det krevst handling! 

No for tida høyrer vi ofte at vi må “ta vare på kvarandre”, men hugs at “kvarandre” er alle og kvar og ein. Vi er alle verdsborgarar. 

Raudt Malvik