Ikkje mykje att av skulen i mitt hjarte

Av: Tove Glomset
Foto: privat

Innlegg av Tove Glomset: Ikkje mykje att av skulen i mitt hjarte❤️

«Vikhov skole, senter for hørselshemmede»: Der fann eg meg sjølv og identiteten min.

Kven er eg? Eg var ikkje lenger ho som ikkje hang heilt med i det sosiale, ho som var litt annleis, ho som ikkje kjende seg heilt avslappa i kommunikasjonen, ho som alltid hadde høge skuldre fordi ho aldri visste om ho hadde oppfatta kva det vart prata om, kva som skjedde? (fortsetter under bildet)

Ho som berre kjende seg heilt avslappa innanfor husets fire veggar saman med den næraste familien❤️

Det var ei lukke at eg fekk gå på skule saman med dei som var som meg, det siste året i grunnskulen. Kor hadde eg vore i dag utan Vikhov?❤️

Det er rart å sjå deg i dag, Vikhov.

Noko er ikkje endra på 35 år, mykje er totalt forandra.

(fortsetter under bildet)

Foto: privat

Takk for at eg vart fødd i 1970 og ikkje i dag, så hadde eg mulegheita til å velje døveskule når eg trengte det 🤗❤️

Med vennleg helsing
Tove Glomset, Ålesund